fredag 10. desember 2010

TEMA OG BODSKAP! 8D

Okay no skal eg seie TEMA og BODSKAP! Noko som er ganske bra gjort med tanke på at eg berre er litt over kapittel 5 i boka. x3
Men I vert fall, temaet fyrst.

Eg meiner at temaet i denne serien er om korleis ungar ville klart seg i dagens samfunn viss alle vaksne forsvann og kva dei ville gjort for å fortsette å leve. det er også om kjærleik mellom dei to hovudpersonane. som t.d der Astrid og Sam kysser på gata og ungane seier ting som "æsj, ekkelt" og "finn dykk eit rom!" Her beskriver Grant det som "når foreldra kysser; veldig ekkelt, men litt godt likevel." Det at foreldre kysser er jo eit teikn på at foreldra er glade i kvarandre og det gjer ei tryggleikskjensle. Så temaet er; Det å overleve i eit heilt annleis samfunn er normalt og kjærleik, drama og action.

Så kjem bodskapet:
Det er ikkje noko spesielt bodskap i boka anna enn at alt kan forandrast på eit augenblink, før du får snudd deg er di verd på hovudet. Ingenting kjem til å fortsette å vere sånn som det er no. Forandring er ein naturleg del av kvardagen. I desse bøkene er forandringa veldig dramatisk i forhold til kva me kjem til å oppleve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar